Bjørn Jacobsen
Eg heiter Bjørn Jacobsen, og er 1. kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal SV. Eg har representert SV på stortinget sidan 2001. Eg er fødd i 1960 og bur i Molde. Eg trur at miljø, rettferd, barn og unge samt helse/omsorg og samferdsle vil vere dei viktigaste sakene SV bør gå til val på.
SV har gjennom drygt tre år i Regjering vist at vi er i stand til å styre. Eg trur og at vi har vist veljarane at vi har deltatt med våre argument i dei sakene vi har tatt dissens eller vore ueinig med Ap og Sp.
Sjølv har eg vore aktiv på området Forsvars og tryggingspolitikk og då med vekt på Afghanistan. SV er for meir FN og fredsforhandlingar. Våre militære bidrag må sjåast i ei større heilskap der sivile bidrag og utviklingshjelp er det aller viktigste.
Med SV sin politikk får vi eit meir spennande Møre og Romsdal for ungdom. Enten dykk har jobb allereie, eller går på skole her i fylket eller er ute ein stad for å hente meir kunnskap.
Gode jobbar, pengar til kultur, barnehage og skole er politiske prioriteringar vi i SV gjer. Kva er det så å vere urban? Jau det er at når du slamrar att døra heime så kan det komme til å hende noko som du ikkje visste om. Det kan like godt skje i Sykkylven som på Grünerløkka. Gode offentlege rom for debatt og trivsel er det som tar livet av bygdedyret og trangsyntheita. Desse romma er SV sine lokalpolitikarar med på å skape når dei prioriterar kva kommunens pengar skal gå til.
Eg jobbar sjølvsagt på Stortinget for nasjonale pengar til desse tiltaka. I tillegg vil SV ha resultat i internasjonal politikk. Kall det solidaritet, nestekjærleik eller om så anstendigheit. SV jobbar for ei betre verd. Klima, kunnskap og rettferd er på topp hos oss. Difor kan du godt stemme SV.
