Camilla Storøy Hermansen
Hei!
Eg heiter Camilla Storøy Hermansen. Eg bur i Herøy saman med mannen min og dei tre gutane våre. Eg er engasjert med politikk fordi det er kjempegøy, og fordi det er ein fin måte å engasjere seg i samfunnet vårt på! No er det val om ikkje lenge, då kan du som er over 18 også få vise at du engasjerer deg i samfunnet. For KrF handlar politikk om å skape eit betre samfunn.
Tanta mi kjefta litt på dei kranglete borna i baksetet i sommar. Det enda opp med at ho sa; - I mi verd skal det vere fred! 5-åringen la hendene bak hovudet, lena seg karsleg tilbake før han sa: «Mamma, det må vere ei drøymeverd!» FRED, det er fint! Ord som solidaritet og nestekjærleik er kanskje litt meir jordnære. For KrF handlar politikk om å gjere verda betre for tusenvis av menneske som treng det. Ei rettferdig verd! Det er lov å drøyme!
Politikk er viktig på grunn av dei store sakene. Politikk er langt meir enn billig bensin! Det handlar om ei betre verd for fattige, ei friare verd for enkeltmenneska og ei uendeleg respekt for mennesket sin enorme verdi.
Politikarar må erkjenne at svært mange unge ikkje ofrar statsbudsjettet, regionalpolitikk og bistand ein tanke. Men kanskje ein ung tenkjer litt meir på prisen på skulebøker og behovet for ungdomsklubbar. Og sjølv om nokre seier at ungdom er bortskjemte og egoistiske trur vi det bryr mange at barn svelt i hjel i mangel på hjelp.
To konkrete saker som eg er ekstra oppteken av:
- Psykiske lidingar er forferdeleg for dei som vert råka. Det fører til ubeskrivelege smerter og store problem. KrF meiner det er viktig å sørge for betre førebygging og behandling av psykiske lidingar. INGEN barn og unge bør stå på venteliste for å få hjelp for psykiske lidingar. For oss er det uhaldbart at samfunnet ikkje kan stille betre opp for dei som slit med psykiske problem. Vi har eit krav om at det ikkje skal vere ventelister for denne gruppa!
- Då eg skulle begynne på vidaregåande valde eg Helse og Sosial. Dette fordi eg var redd det skulle verte for mykje teori. Vi hadde mykje teori, men det var litt meir variert enn å gå på allmenn. Kvardagane våre inneheldt litt meir praksis. Dette har medført at eg etter dette gjerne anbefaler unge å velge den yrkesretta vegen til studiekompetanse. Mange tenkjer klarare når ein kan fylle på med noko anna enn ord. Difor vil KrF igjen la det bli valfag i ungdomsskulen som kan vere noko anna enn framandspråk. Kanskje motorlære og drama igjen kan bli valfag?
Vi vil at elevane skal få større friheit og større muligheit til å påverke sin eigen skulekvardag, fordi vi trur at elevane veit veldig godt korleis skulen bør utvikle seg! I skulen er eleven viktigast!
Camilla
