Home
Vi rydder for livet!
30. sep 2011, kl. 10.30
Årets TV-aksjon går til Norsk folkehjelp, som skal bruke pengane frå aksjonen til seks land med mineproblem i Asia, Afrika og Europa. I tillegg skal delar av midlane brukas til opptrening av minehundar.
Ei landmine er eksplosiv som blir plassert på eller under bakken, og som blir utløyst når eit menneske går på den, eller eit køyretøy køyrer over den. Miner er laga for å skade eller drepe menneske, og kan vere ei fare i mange tiår etter at dei vart lagt ut.
- I Bosnia-Hercegovina begrensar miner livet til ein million menneske.
- I 2006 slepte Israel meir enn fire millionar klasebomber over Sør-Libanon.
- USA slepte mellom 1964 og 1973 meir enn 200 millionar bomber over Laios. 30% av bombene ligg fortsatt igjen på bakken. Ofte blir barn skada eller drept.
- Ein tredjedel av dei klasebombene som USA slepte over Vietnam detonerte aldri.
- Meir enn 300 000 menneske kan ikkje flytte tilbake til heimstadane sine i Sør-Sudan på grunn av miner.
Du kan sjå meir om prosjekta på www.tvaksjonen.no.
Vi oppfordrar til å melde deg som bøsseberar 23.oktober! Tips gjerne også læraren og andre vaksne.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)