Home
Skolemiljøutval
Skrive av Kristin Glæstad Vonheim
01. feb 2012, kl. 08.20
01. feb 2012, kl. 08.20
Alle skolane har plikt til å ha eit skolemiljøutval.
Skolemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, foreldra, skolen og dei tilsette i arbeidet med skolemiljøet.
- Elevar og foreldre skal vere i fleirtal i utvalet.
- Utvalet skal gi råd til skolen i arbeidet med skolemiljøet, men har ikkje rett til å gjere bindande vedtak.
- Skolemiljøutvalet kan òg be skolen setje inn tiltak for å betre det fysiske og det psykososiale miljøet på skolen.
- Alle grunnskolar og vidaregåande skolar har plikt til å ha eit skolemiljøutval.
- Elevar og foreldre har ein rett til å bli høyrt!
Utdanningsidirektoratet har laga ein rettleiar for utvalet og for å hjelpe skolemiljøutvalet til å gjere ein best mogleg jobb. Her finn du rettleiaren for skolemiljøutval.


Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
Kommentarar (0)