Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Home

Internasjonal dag

Kristin Glæstad Vonheim
Skrive av Kristin Glæstad Vonheim
21. okt 2011, kl. 13.21

Fredag 21.10 var det internasjonal dag på Herøy vgs avd. Vanylven. Elevrådet, som er OD-komite på skulen, tok ansvaret for dagen og viste film, hadde visualiseringsleikar og gruppearbeid for elevane.

Dei hadde også invitert ekteparet Deogracias Mucocoi "mao" og Charlotte Ingabire til skulen for å fortelle om Rwanda. Rwanda er prosjektland i Operasjon Dagsverk i år.

Dei kunne fortelle om den historiske bakgrunnen til Rwanda og konfliktene som har vore der, og om korleis det rwandiske folket no arbeider for å nå visjonane innan 2020 om eit berekraftig samfunn. Dei trakk særskilt fram kor viktig det var at biletet av det rwandiske folket som fattigsle og hjelpetrengande vart endra. Dei ønskjer å vere likeverdige partnarar i eit samarbeid med resten av verda.

Dei snakka også til elevane om kor stort potensiale det ligg i oss som menneske. "Du må vere den endringa du ønskjer, og du kan bli det du vil!" sa Deogracias Mucocoi.

Etter denne sesjonen fekk elevane servert tradisjonell rwandisk mat.

Elevrådet meiner det er viktig å engasjere seg og at elevane får meir innsikt i kva pengane frå OD går til, og dei anbefalar andre elevar i fylket om å gjere noko tilsvarande.

På NDLA finst det læringsressursar som kan brukast i samband med OD. Desse finn de her.

bilde av OD-komite og Rwanda-besøk
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: -9
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord