Hopp til hovedinnhald

artikkel ikon

Home

Klipparkivet NRK

Dagfinn Grønvik
Skrive av Dagfinn Grønvik
14. aug 2009, kl. 09.28

Frå september blir klipp frå arkivet til NRK gjort tilgjengeleg for skoleelevar på grunnskolen og på vidaregåande skole. Ressursen er kopla mot kompetansemåla i læreplandatabasen GREP.

Klippa som ligg der no eignar seg særskilt i faga norsk, samfunnsfag, religion og naturfag. Etterkvart vil det kome stoff til andre fag også. Alt innhaldet er organisert etter emne, personar, program og læreplanar.Du kan t.d. gå inn på læreplanar, vidaregåande trinn, samfunnsfag og velje eit kompetansemål. Da får du opp fleire klipp som høver til dette kompetansemålet. Sjå meir om dette på: www.nrk.no/skole NRK skole har også ei eiga diskusjonsside på Del & Bruk, som er er eit eige nettverk for lærarar og pedagogar der du kan få tips og diskutere ulike måtar å bruke ressursane på i undervisninga.

NRK klipparkiv
Skriv ut
Kommentar
Tips ein venn
Poeng: 3
Del på Facebook
Del på Nettby
Del på delicious
tagcloud ikon

Populære emneord